Sjå trailer


Kva er Min Vekeplan?

Med tanke på miljøet og tidsbruk vert det i dag fleire og fleire skular som sluttar å bruke papirvekeplanar. Derfor går skular over til ulike digitale tenester. Her finst alt frå skulens eigne nettsider til Microsofts Office 365 som døme. Problemet med desse er at dei ofte krev innlogging – slik at eleven sine foreldre ikkje kan sjekke bornets vekeplan utan passord, dei krev internett – slik at elevane ikkje kan hente vekeplanen sin på plassar der det er dårleg dekning, og tenestane er som oftast tungvinte og krev mykje tid.

Dette problemet såg me i SIGABRT og valgte å gjere noko med det. Sidan ungdom i dag brukar telefonen sin meir enn nokon gong, valde me å løyse problemet med ein app til smarttelefonar, samt ein web-versjon for dei som ynskjer å bruke PC-en.

Er du ein lærar eller rektor ved din skule? Les om korleis Min Vekeplan kan gjere jobben din enklare og meir digital her!


Innlogging på under 1 minutt

Første gong du opnar appen, vert du bedt om å velje skulen og klassen din og du er ferdig! Innlogginga krev hverken brukarnamn eller passord og du slepp å logge på neste gong du opnar appen.


Timeplan

Noko av det Min Vekeplan støttar er timeplan. I timeplanen kan læraren legge til faga for kvar dag, og ein kan enkelt manøvrere mellom dei ulike dagane ved å sveipe fingeren enten opp eller ned på skjermen. Når du opnar appen vil den gjenkjenne kva vekedag det er og sende deg rett til dagens timar.


Lekser sortert etter fag

Leksene kan synast på to ulike måtar i Min Vekeplan. Den første er det me kallar "Fag-lekse". Her får du ei liste over dei ulike faga på skulen og kan sjekke leksa ved å trykke på faget. Her kan du også krysse av leksa når du er ferdig med den. Då vil faget også bli kryssa ut i fag-lista.

Lekser sortert etter dag

Den andre lekse-delen kallar me "dag-lekse". Her får du opp leksene etter kva dag dei skal leverast. Du kan sveipe fingeren opp eller ned for å navigere mellom ulike dagar. Om du trykker på ei av leksene, vil detaljane til leksa dukke opp og her kan ein også krysse av leksa.